Tema: Vold og overgrep

En vellykket sak? Kvinner utsatt for mishandling møter strafferettsapparatet

Grøvdal, Y. (2012). En vellykket sak? Kvinner utsatt for mishandling møter strafferettsapparatet. Unipub forlag. (Doktorgradsavhandling).

Det blir ofte framheva at politiet og straffesakskjeda for øvrig, er sentrale element i arbeidet for å redusere vald i nære relasjonar.

Å forbetre straffesakskjedas innsats overfor kvinner som blir utset for denne formen for vald, har derfor vært eit politisk satsningsområde i Noreg dei siste ti – femten åra. Eit hovudføremål med doktorgradsarbeidet har vært å sjå på kva for nokre erfaringar kvinner utsatt for vald i nære relasjonar har med den same straffesakskjeda i prosessen frå melding til avgjerd i domstolen.

Arbeidet viser på den eine sida at ein del kvinner utsatt for mishandling ikkje utan videre ser straffesakskjeda som ein relevant instans for dei vanskane valden medfører. Fleire forhold gjer kvinnene lite tilbøyelege til å melde mannen som mishandlar til politiet, enn til å fortelje om valden til andre, det vere seg familie eller vener. Det er nærliggande å hevda at kvinnene som har deltatt i studia måtte ha forlat, eller bestemt seg for å forlata, mennene før dei kunne gå til det skritt å offentleggjere valden dei blei utsatt for.

På den annen sida var det heller ikkje gitt at dei kvinnene som forsøkte å ”engasjera” strafferettsapparatet, først og framst politiet, i forsøket på å stansa eller redusera valden, lyktes med dette prosjektet. Mykje tyder på at det eksisterer det vi kan kalle nokre ”offentlige bilete” av mishandlingsforhaldet og dei involverte partane, som i staden for å gagne kvinner utsatt for mishandling, snarare skapar problem i relasjonen mellom kvinnene og aktørane i straffesakskjeden.

I avhandlinga stilles spørsmål ved kva straffesakskjedas sterke fokus på reaksjon – i motsetnad til førebygging – og allmennprevensjon, eigentleg bidrar med i valdsutsatte kvinners liv. At sjølve den fysiske valden tar slutt etter melding og rettssak, betyr langt fra alltid at kvinnene lev liv i fred og fridom. Skildringa domstolen i Noreg gjer av seg sjølv som landets viktigaste organ for konfliktløysing, synes derfor å vere lite treffande i sakane som danner grunnlaget for denne studia.

Forskerne

  • Grøvdal, Yngvil

    Grøvdal, Yngvil

    Pensjonert Forsker II / PhD, kriminologi

    Vis profil